Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2025><<
april 2025
mtotfls
31010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293001020304
05060708091011
Gå til Google Classroom
Egg og sevje

Inn mot ein påskeferie proppa med påskesnop, er det godt å ta sats med litt naturleg inntak...

Turen gjekk til Klampen saman med 3. og 4. klasse, og sekken stappfull av egg og stormkjøkken. "Herren ser til sine", vert det sagt, og i dag var me nok sett! Trass skumle vermeldingar, vart det perfekt turver. Akkurat passe varmt og utan nedbør. "Flaks", sa Severin Suveren.

Me starta med ein "Team-Pølsa"-inspirert stafett. Elevane vart delte i tre grupper, og skulle fylla grytene med vatn. Dette skulle så egga kokast i etterpå. Strålande innsats frå alle deltakarar, og ingen sure miner frå nokon av laga. Heilt topp!

Dernest tok nokre og heiv seg i leiken, medan andre syntes at eggkoking var passande aktivitet. Kor lenge må dei kokast, og korleis vart egga gule?

Å opna egga var òg ei utfordring. Men treskallen til læraren var av beste sort, og fekk hol på dei. Skalet resirkulerte me, og kasta på jordepla me planta sist veke.

Me trong noko å skylla ned desse påskegule egga med, og kva høver vel då betre enn sevja frå ei bjørk me tappa sevje av sist veke?

Avslutningsvis ende eit eggeløp opp i tidenes rullekonkurranse. Her var det både lengde og stilpoeng opp i det tosifra som vart utdelt.

På vegen heim att reinska me slete for siste restar av "balleplast" (det ordet finst nok ikkje i ordboka....), og diverre gjekk me òg på ein stakkars andrik som nok hadde treft kraftlina, og hadde endt sine dagar under den.

Ein flott sluttdag før påskeferie.

Så må me òg gratulera Henrik med ein superimponerande 2.-plass i sjakkturneringa! 10.-klassingen som var motstandar, møtte ei hard nøtt...

God påske til dykk alle!

Main Image
Bilete 1 av 19