Kvalitetsutviklingsplanen er ein del av skuleeigar sitt forsvarlege kvalitetsvurderingssystem,
jamfør opplæringslova §13.10.
"Sirdalsskulen – mål og strategiar" dannar grunnlag for kvalitetsutviklingsplanen for skulane.
Skulane må i tillegg bruka evaluering av eksisterande satsingsområde som utgangspunkt for
sine prioriteringar.
Rektor er ansvarleg for å utarbeida og levera kvalitetsutviklingsplan til einingsleiar skule.
Planen skal bestå av ein fireårig del, samt ein plan for kvart skuleår. Den fireårige delen skal
leverast inn i starten av perioden, medan plan for skuleåret blir levert kvart år.
Planen er tilgjengeleg i vedlegg til høgre på denne sida.