"Opplæringslova Kapittel 9A omhandlar elevane sitt skulemiljø, det vil si i skuletida, i
skulefritidsordninga og i leksehjelpa. Jf. §9A-1
§ 9A-2: «Alle elevar har rett til et godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring»
§ 9A-3: «Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering, og
trakassering.
Dette inkluderer digital/skjult mobbing som også skjer utanom skuletida, og som kan få
verknad på skulekvardagen.
Det er den enkelte elev sin subjektive oppleving av å bli krenka som er utgangspunktet for
skulens handtering av opplæringslova § 9A.
Sirdal kommune legg vekt på:
• at vi arbeider kontinuerlig, langvarig og systematisk med elevane sitt skulemiljø
• at skulen, elevane og føresette samarbeider om det førebyggande og haldningsskapande
arbeidet
• at tydelig leiing er ein føresetnad for å førebygge, avdekke og handtere krenkjande ord og
handlingar. Dette inkluderer digital/skjult mobbing.
• at alle tilsette ved skulen har ei aktivitetsplikt til å følgje med, gripe inn og varsle.
Skulen har plikt til å undersøke saka og eventuelt sette inn tiltak dersom dei får
kunnskap eller mistanke om at ein elev ikkje har det trygt og godt i skulemiljøet.
• at våre lokale tiltak og vår evne til kommunikasjon og samarbeid er avgjerande for
at arbeidet skal lykkes."
- Plan for elevane sitt skulemiljø, s. 3