Etter
opplæringslova §2-11 kan elevar etter søknad få innvilga permisjon for inntil
to veker (10 skuledagar) utanom skuleferiar og skulefridagar. Dersom
ein søknad overskrid dette, må eleven formelt skrivast ut av skulen for den
tida som går over dei nemnde to vekene. For det tidsrommet utskriving frå
skulen gjeld, må eleven halda seg til reglane om heimeundervisning (jfr.
opplæringslova § 2-1, femte avsnitt, og § 2-13).
Søknad
om permisjon skal grunngjevast skriftleg, og det må søkjast
i god tid før det planlagde fråværet. Kontaktlærar kan godkjenne aleine for
søknader som gjeld intil 3 skuledagar. For søknader som gjeld meir
enn dette, må rektor gokjenne i tillegg til kontaktlærar.
Vilkåret
for å innvilga ein permisjonssøknad er at det er forsvarleg å gje eleven fri
frå opplæringa.
Vanlegvis viser skulen
størst muleg velvilje når føresette søker om permisjon for borna sine. Men
skulen oppmodar om at det ikkje blir søkt om permisjon utan at det er spesielle/naudsynte
grunnar til søknaden. Skulen understrekar at eleven ikkje har rett til å få
erstatta den undervisninga han mistar p.g.a. innvilga permisjon.
Det er foreldra/dei føresette
som påtek seg ansvaret for å gje elevane opplæring i perioden dei søker om
permisjon.
Einingsleiar og kontaktlærar si fullmakt til å handsama
permisjonssøknader går fram av opplæringslova § 2-11. Slike søknader skal handsamast
som enkeltvedtak etter forvaltningslova. Det inneber at vedtaket kan påklagast
innan tre veker.
For å søke permisjon for elevar, nyttar heimen VISMA Flyt skule.
Portalen er også tilgjengeleg som applikasjon: