Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<februar 2025><<
februar 2025
mtotfls
27282930310102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627280102
03040506070809
Gå til Google Classroom
Om skulen

Sinnes skule er ein skule med ein over 100 år gamal historie. Han ligg sentralt plassert på Sinnes i øvre Sirdal, og har gjort det heilt sidan det fyrste skulebygget var reist i 1891.

Han er i dag ein fådelt skule frå 1.-10. klasse. Skulen ligg midt i naturen, og innbyr til turar og ekskursjonar med elevane sommar som vinter. Både i nærområdet, og på lengre avstikkarar.

Kvart skuleår tek til med ein felles overnattingstur for heile skulen. Det byggjer relasjonar mellom eldre og nye elevar, og skapar felles opplevingar på ein god måte. Elevane får og kjenna på meistring alt frå tidleg av.

Sinnes skule er medlem av UNESCO sitt skulenettverk (ASPnet-skule). Les meir om kva det inneber her på UNESCO sine nettsider.

Me har i mange år vore venskapsskule med skular på Malta og i Estland som me vitjar med ujamne mellomrom.

På skulen vår har me eige symjebasseng og ein flott biblioteksfilial.

På skulen vår har me gode høve for kreativitet og aktivitet.

Me har særs aktive og engasjerte føresette som er aktive i elevane sin kvardag.

Me har eit personale som gjerne vil ha deg med på laget!

Ledige stillingar blir utlyste på Sirdal kommune sine nettsider.