Pyramidane på Sinnes
Denne veka er temaet i norskfaget Egypt. Me starta dagen i dag med ein liten svipptur dit ned,
saman med brødrene Dal.
Publisert: 01.04.2025 12:49 Sist endra: 04.04.2025 16:36 Forfattar: Torger Åge Sinnes
Der nede lærte me om sarkofag, tempel, mumie og Suezkanalen. Inne i gravkammeret var det mykje hieroglyfar. Me nytta deretter datamaskina som omsettingsmaskin, og skreiv namna våre med hieroglyfar.
Desse skreiv me på pyramidar som me bretta saman.
Det er veldig fint når du overhøyrer ting som dette undervegs:
"E r'en fulen? Nei. Det e a'en. R'en e en sniggel"...
Så no treng du ikkje dra til Egyptens land for å sjå slikt. Ein tur i skulegarden på Sinnes skule gjer susen. Vindaugskarmen til 2. klasse er fulle av pyramidar i alle slags flotte fargar no.