Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2025><<
april 2025
mtotfls
31010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293001020304
05060708091011
Gå til Google Classroom
Historiske stader i naturen

Denne vekas uteskule tok utgangspunkt i det samfunnsfaglege kompetansemålet som tek føre seg det å utforska og skildra kulturminne og kultur- og naturlandskapet i nærmiljøet. Så kva har me av kulturminne og kultur- og naturlandskap i naturen her på Sinnes?

Me hadde på førehand sett på eit par bilete frå Sinnes. I tillegg nytta me søkemotoren Kulturminnesøk, der me fann eit par døme på historisk viktige punkt i nærområdet vårt. I dette tilfellet to steinkvelvsbruer, der i alle fall ei av dei vert 100 år neste år.

På vegen bort mot Holmen gjekk me forbi nokre arbeidsbilar som heldt på å fiksa rekkverket.

Etterpå tok me turen attende via Soleidalen. Her såg me på gamle driftevegar... Og skitrekksbelte som hadde gjort sitt i år. Siste stopp var på Leitet. Her fann me flyttblokker frå siste istid som var flotte å klatra på... Og hoppa ned att frå.

Med tanke på veret som var meldt, vart dette ein overraskande fin tur. Takk for turen, og god helg til alle!

Main Image

Bilete 1 av 17