Vekas tema var måling i, eller av, naturen. Me var innom måling av temperatur, vind og skakingar i jorda. Praksisdømet denne veka vart derimot is og djupnemåling på Sinnesvatnet.
I heilt vindstille og fin temperatur gjekk me dei få metrane over sletet ut til Sinnesvatnet, før me tok til med å bora. Før me gjekk ut på isen, snakka me vind og korleis den lagar skavlar, og om osar og faren med dei. Me observerte kor vatn renn inn og ut av Sinnesvatnet. På vatnet bora me fem hol i isen. Det fyrste dukka det aldri opp vatn i. Og det siste var det meir enn to meter til botnen av vatnet. Istjukkleiken varierte frå 41-45 cm.
Spenningskurva toppa seg under boringa av det siste holet. Det som var lengst ut. Der det var djupast under. Etter å ha bora over 40 cm ned, kjende me alle korleis det sokk i oss, då det med eitt knirka og knaka voldsomt. Etter å ha forsikra oss om at alle var langt vekke frå læraren, og avtala arbeidsoppgåver OM læraren skulle forsvinna ned i det mørke, djupe, fortsette boringa før vatnet fossa opp gjennom holet. Her rakk ikkje 2-meteren til botnen ein gong. Forslaget dukka då opp, om det kanhende kunne gå an å nytta ein lærar å måla djupna med?
På returen nytta me stavane til å sjekka ut korleis fennene som hadde blåse til ut i frå breidda, var. Nokre fekk stappa heile staven inn, og då var det berre å ta til å grava for å laga snøhole. Andre syntest det var vel så kjekt å hakka i isen.
Ein kort og kjekk liten tur i dag. Ynskjer alle ei god helg!
Neste veke vert det Abel-dag på fredag. Difor utgår turdagen på fredag. Men vonleg er det på an att etter vinterferien.