Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<februar 2025><<
februar 2025
mtotfls
27282930310102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627280102
03040506070809
Gå til Google Classroom
Rauda råse rundt

Fredag 24.01.25 tok me skia fatt nok ein gong. Denne gongen var me på jakt etter mønster. Det skulle derimot syna seg at det var nok å gjera med å jakta etter motivasjon i motvinden og det sure, som etterkvart dukka opp.

Turen starta fint med alle på plass då læraren runda hjørnet for avgang. Rutinane tek til å sette seg. Det er kjekt. Me tok som vanleg ei oppsummering av turmål for dagen i ein halvsirkel. Så la me avgarde.

Det gjekk fint for seg på sletene. Denne veka var føret mykje betre enn den isbana me gjekk på for berre ei veke sidan. Då me svingde av mot Nonshola, tok det nytrakka skisporet slutt ved skibrua, og etterkvart dukka det opp ein bekk tvers over skisporet. Me passerte det, som om det skulle vera bresprekkar på Sørpolen, før den brattaste bakken me har vore ute for, møtte oss inn mot Nonshola. Her var det berre å nytta dei bremsemåtane ein kunne, eller ta skia av.

I neste nedoverbakke var eit parti is, men det klarte alle å forsera i superstil.

Så venta myra oss, og ein lang, slak oppoverbakke, før den lange bakken ned Rauda råse, eller "Marcia Fåråsen" som 2. klasse gjekk i hakket betre vertilhøve i fjor. Det er kjekt å ha vore same staden fleire gonger med ulike tilhøve. Då kan ein setja betre pris  på dei flotte augneblinka ein har.

 

Nokre drog med eitt kjensel på ein bakke me hadde vore borte i i sist veke. "Evighetsbakken" ljoma det i snødrevet, og alle fryda seg i den slake nedoverbakken ned mot Sira att.

Siste delen av dei 4,3+-kilometrane gjekk fort for nokre, og vart tunge for andre. Me måtte ta ein pep-talk om å gå i samla flokk før me var ved veis ende. Heldgivis er me gode på å øva oss på slikt.

Main Image

Bilete 1 av 9