Me såg aldri noko rådyr i dag. Kan hende var det for glatt, òg for dei?
For i dag kunne me omtrent ha byta ut skiskoa med skeiser, så glatt var det å kava seg fram i "snøen" i dag. På flatene var det i og for seg greitt, men når me møtte is i motbakkane, og farten var i overkant stor i nedoverbakkane, var det godt både å kunna setta seg ned på huk, rompa, eller i dei skumlaste tilfella, berre ta skiene i hendene. Men då dukkar jo det store spørsmålet opp: er det lov å gå på føtene i løypene? Nei! Men akkurat i dag vart det innvilga dispensasjon!
Turen frå skulen gjekk mot Klampen, og Fåråsen, og baklengs i den gamle "3-aren" ut mot GP. Me stoppa på det høgaste punktet, før nedstigninga tok til mot Svartevatn, og snudde i tide, som gode fjellfolk. Her fekk me òg ein drøs om kva me såg rundt oss av vegetasjon (furu og bjørk), og ende deretter opp i ein samtale om Fåråsen, nasjonalsongen, skispor som er furer, furer i jordepleåkeren, og læraren sine furer i panna?
Returen gjekk forsiktig for seg. Så langt så hadde me gått dei lange bakkane oppover. Nedover var litt meir utfordrande! Men med ymse stilartar og kreative løysingar, kom alle seg til botnen heilskinna!
Me fann oss jamvel eit slakt parti og forsøkte oss på baklengsrenning. Ein ting lærde me; smørefrie ski funkar heller dårleg i revers.
Me hadde god tid då me kom opp att til skulen, og fekk oss ein runde "haien kommer". Eller som me døypte det om; "flaggermusa kjem".
Me null skadar trur eg me skal vera vel nøgde i dag! Elevane gjorde ein kjempeinnsats undervegs, og heia på kvarandre i nedoverbakkane som berre det.
God helg!