Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<desember 2024><<
desember 2024
mtotfls
25262728293001
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30310102030405
Gå til Google Classroom
Øyne rundt

Hausten har dukka opp att, stikk i strid med det Lisa Aisato skriv om i "Snart sover du", men me i 1. og 2. veit å nyttegjera oss av godt turver på ein tursdag...

Difor la me ganske kjapt avgarde i dag med eit mål i sikte. Ville me klara runden via skibrua i Nesetfossen, opp langs Nesetsida, rundt Øyne og attende til skulen før klokka klang?

På vegen var det mykje kjekk is å knusa, smaka på og skli på. Faren for såre lepper er til stades. Nokre meinte dei hadde ete så mykje is, at dei ikkje trong middag...? Me gjekk forbi Karteklatten, Rubabakken og Hoppmannsbakken på vår veg. Etterkvart dukka det opp gnagsår, men med god motivasjon og løysingsorientert innstilling kom me oss vidare.

Etter at me hadde passert Hoppmannsbakken, kom ei stor hegre flygande over oss. Då var det godt å ha med seg kikkert!

Til slutt nådde me attende til skulen med 20 minutt att til klokka klang.

Før alle gjekk kvar til sitt, avslutta me i haustsola med "Lev vel", og då fekk læraren takka alle for ein heilt strålande tur. Litt ekstra skrøyt til 1. klasse var på sin plass. 2. klasse visste me jo at var gode på tur, men i dag imponerte dei yngste med fem (5) km på tre skuletimar. Barmarkstreninga er hermed gjennomført med 10 i stil før vintersesongen kjem over oss.

God innsats!

Main Image
Bilete 1 av 24