Dagens tursdag er av dei ein berre må notere seg ned...
Med strålande sol, god temperatur og vindstillt gjekk me innover mot Steinebakken, for å ta skiløypa me gjekk i vinter i nærare augesyn på barmark. Observante elevar la merke til at me såg ut som ein flokk med pingvinar på sørpolen, der me gjekk oppover med små museskritt. Men det er i motbakke det gjeng oppover!
På toppen tok me oss ein velfortent pause, før me jumpa opp i lyngen på Rubetødnane og fann oss kvart sitt tre. Det er jo noko me saknar i skulegarden... Så var det bånn pinne med tretikken!! Me gav oss i tide før nokon vart skada, for det var ikkje akkurat fotballbane med sprang rundt på. Desto betre for hjernene!
Så måtte me ta eit val. Skulle me ta oss ein spasertur langs bilvegane til Andestjørn, eller var me meir klare for leik i vårsola i ulendt terreng? Demokratiet sigra, og me endte opp i lia bak Brekkebua.
Her starta nokon skule. Det gjekk i både spansk og tysk. Andre gjekk på jakt...faktisk med kroken til Vaiana(!!!), medan andre såg syn på å byggje seg husrom.
Turen vart avslutta med renning i skikkeleg Holmenkollen-unnarenn...på "fua" (rumpa), og litt leik på skulen til bussen kom.
Og alle var einige om at det hadde vore ein finfin dag!