24. oktober bør det ikkje skje så mykje anna, for då markerer alle på Sinnes skule gebursdagen til Dei sameinte nasjonane (SN). Eller FN (De forente nasjoner) som er bokmål og det dei fleste plar seia.
Me byrja som vanleg med heising av SN-flag av dei som nett lærte det på leirskule, før leiaren i elevrådet, Daniel Fidjeland-Skilnand halde appell. Etterpå bar det rett til samling i gymsalen.
I år ville me markera lokale prosjekt som passar inn i SN sin tanke om å jamna ut økonomiske og sosiale forskjellar i verda og sikra alle menneske dei same rettane. Først fortalde Solbjørg Tjørhom om ARO/ArcAid Kenya, som både Sinnes skule og Sirdal kommune har støtta økonomisk. Der prøver dei å hjelpa mest hundre barn som har mista foreldra sine både med mat, opplæring og skulegang, både grunnskule og yrkesfagleg skule. Me såg bilete frå daglegliv og skulegang, og fekk sjå nokre av tinga dei kan laga på prosjektet sin snekkerverkstad og systove.
Etterpå såg me film der Nina Ousdal fortalde om og viste bilete frå sitt prosjekt Home of Bahati. Der er dei òg opptatt av at barn og unge får ein god og trygg heim, god utdanning og høve til å skapa gode liv for seg sjølv. I år jobbar ungdomsskuleelevane våre inn pengar til Bahati House 8. oktober.
Litt undervising om SN, menneskerettar og berekraft måtte det bli, og Åse-Berit greidde å vera relativt kortfatta før elevane vart delte i grupper på tvers. Der var spørsmålet "En fredelig verden er mulig – hva gjør FN?", og ein måte å finna ut litt om det var å laga ein menneskeleg knute. Kan den løysast opp att? Ikkje alltid, fann me ut, men for å få det til, må me i alle fall snakka saman og samarbeida!
Kva gjer me om knuten, eller konflikten, er for stor eller vanskeleg å løysa? Korleis løyser me ein krangel? Elevane snakka om korleis ein krangel startar, korleis me kan stoppa å krangla og om det er forskjell på kranglar, t.d. med ein ven og nokon du ikkje kjenner så godt. Det er sjølsagt at ein snakkar om konfliktane i verda i dag, som i Ukraina og på Gaza, og kvifor krigar oppstår. Nokon kom inn på Tryggleiksrådet og vetorett, andre snakka meir om menneskerettar. Dette var òg tema på den digitale sendinga om SN.
Til slutt gjekk alle gruppene berekraftsstien. Der var det både informasjon om og spørsmål til fleire av berekraftsmåla. Elevane hadde lært mykje, for det vart heile tre "vinnarar". Alle var samde om at det hadde vore ein grei dag.