Etter at SN-opplegget var ferdig i dag, vart det ikkje tur på oss som vanleg på torsdagar. I staden fekk me besøk.
Filmregissør Marita Mayer hadde med seg animasjonsfilmen "Jeg er ikke redd" som ho synte for oss.
Etter at me hadde sett filmen ein gong, fortalde ho oss masse om korleis ein lagar animasjonsfilm. Heilt frå idéen til manus, vidare om idemyldringsprosessen fram til eit ferdig storyboard. Ho fortalde òg om korleis ein, i animasjonsfilm, kan lura auget litt med å laga litt annleis teikningar undervegs når ting går raskt. Det var vel fyrste gong nokon har sett ein blå tiger i dag....
Så fekk me sjå korleis ein gut på berre seks år nytta tre dagar i lydstudio for å laga lydane til filmen. Og sist, men ikkje minst, snakka Marita om korleis ho hadde nytta musikk i filmen, i samspel med mørke og ljose fargar, for å laga til skumle sekvensar...som gjerne ikkje hadde vore så skumle utan musikken.
Men det viktigaste, fortalde ho, det er publikum. For kva er vel ein film, om den vert liggjande i ei skuff?
Etter at ho var ferdig med å fortelja oss om alle desse tinga som ein eigentleg ikkje tenkjer på, såg me filmen nok ein gong. Og då var plutseleg ikkje krokodillen, slangen eller monsteret fullt så skumle.
Det som òg var fint, var at me fekk snakka litt saman om kva me kan gjera dersom det er ting me tykkjer er skumle.
Hjarteleg tusen takk for besøket, og filmen!