Meny
Velg seksjon Framside
Fiskåvegen 987 4120 Tau
Telefon: 51742800 Send e-post til oss
Redaktør: Reidun Vasstveit, verksemdsleiar/ rektor
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Heilmjølk er no tilgjengeleg for bestilling hos NSO. Hugs at du alltid kan bestilla skulemjølk og anna drikke og mellommåltid på skolelyst.no.  Det kan ta opptil 14 dagar frå bestilling til første levering. her

Me på Nordre Strand oppvekstsenter jobbar for å skape ein sterkare kultur for lesing, og dei to neste vekene er det leseveker her hos oss. Lesevekene har som mål å inspirere elevane til å lese meir, og fokuset er leseglede og motivasjon. I barnehagen har dei alltid lest mykje for ungane, og i dei neste vekene vil vi ha enda større fokus på dette. Elevar frå skulen har også invitert seg på lesebesøk til barnehagen, så dette gler me oss til. På skulen har me valt oss ut  Astrid Lindgren som ein forfattar me vil lære oss meir om, så mange av bøkene me les i lag vil vere skreve av ho.

Denne uken har kulturskolen på Nordre Strand satt opp forestillingen "Hakkebakkeskogen" på skolen. Onsdag formiddag var småtrinnet og barnehagen publikum, og samme kveld var den åpen for alle.
Forestillingen var helt fantastisk, og vi er både imponerte og stolte over hva både ungene- og instruktør Silje Vige får til. 

Etter to dagar på jobb ved Nordre Strand oppvekstsenter, kan eg melde om å ha blitt godt motteken av både store og små. Eg har gleda meg til å bli ein del av laget, og ser frem til å bli kjent med både born, tilsette og føresette.

Som tilsett i barnehage, skule og på  SFO betyr vi mykje for mange, og som ny leiar er eg både stolt og audmjuk over hovedoppdraget som i samarbeid og forståing med heimen blant anna skal
«opne dører mot verda og framtida …»

For å lykkast med dette er vi heilt avhengig av å spille på lag med dykk i heimen. Terskelen for å ta kontakt med både barnehage og skule skal vere låg, og eg ser fram til godt samarbeid.

Eg takker for tilliten, og vil gjere mitt aller beste for at Nordre Strand oppvekstsenter held fram med å vere ein levande del av lokalmiljøet, fylt av trygge, lærelystne og glade born.


Beste helsing
Anna Maria Oanes