Skulehelsetenesta er ei forlenging av det førebyggande og helsefremmande
arbeidet i spe- og småbarnsalderen. I skulehelsetenesta arbeider helsesjukepleiar og
skulelege.
Skulehelsetenesta skal i følgje forskrift FOR-2003-04-03-450 fremma barnet si
helse og førebyggje sjukdom og skade. Skulehelsetenesta skal arbeida for å
fremma elevane sitt lærings- og utviklingsmiljø, samt bidra til ein
helsefremmande livsstil. Dei unge sine helseproblem er ikkje lenger dominert av
kroppslege sjukdomar og feil. Dei artar seg ofte meir som vanskar i forhold til
venner, familie, skulen og samfunnet. For at det skal lukkast og koma den
enkelte eleven best mogleg til gode, er me som arbeider i skulehelsetenesta
avhengig av eit godt samarbeid med eleven, foreldra og skulen. Skulehelsetenesta
har tverrfagleg samarbeid med PPT, skulen, barnevern, fastlege og andre ved
behov.
Tenesta er eit tilbod til alle skuleelevar under 20 år. Skulehelsetenesta
gjev råd og veiledning, gjennomfører helseundersøkingar, vaksinasjonar og kan
når det er behov for det henvise vidare til anna helsepersonell som fastlege,
tannlege og spesialist. Snakk med lærar/helsesyster/skulelege om der er
helse/trivselaproblem som kan ha innverknad på eleven sin skulesituasjon.
Journalføring/innsynsrett
Det vert oppretta journal på alle barn som får tilbod om konsultasjonar og
helseundersøkingar ved helsestasjonen (jmf forskrift om pasientjournal). Gje oss
beskjed dersom de flyttar, me sender då journalen til den nye skulehelsetenesta.
Foreldre/føresette har som hovudregel rett til innsyn i samtlege opplysingar som
omhandlar barnet. Når barnet er mellom 12 og 16 år skal opplysingane ikkje
gjevast til foreldra eller andre med foreldreansvaret når barnet av grunner som
bør respekteres, ikke ønsker dette. Informasjon som er nødvendig for å oppfylla
foreldreansvaret, skal likevel gjevast til foreldre eller andre med
foreldreansvaret når barnet er under 18 år (jmf pasient og brukerrettighetsloven
§3-4).
Ved akutte skadar/sjukdomar og kroniske sjukdomar må fastlege
kontaktast. Skulehelsetenesta sitt personale har taushetsplikt og tenesta er
gratis.
Vår helsesjukepleiar heiter Tove Merete Norland og hennar telefonnummer er 48887143.