Etter to dagar på jobb ved Nordre Strand
oppvekstsenter, kan eg melde om å ha blitt godt motteken av både store og små.
Eg har gleda meg til å bli ein del av laget, og ser frem til å bli kjent med
både born, tilsette og føresette.
Som tilsett i barnehage, skule og på SFO betyr vi mykje for mange, og som ny leiar
er eg både stolt og audmjuk over hovedoppdraget som i samarbeid og forståing
med heimen blant anna skal
«opne dører mot verda og framtida …»
For å lykkast med dette er vi heilt avhengig av å spille på lag med dykk i heimen. Terskelen for å ta kontakt med både
barnehage og skule skal vere låg, og eg ser fram til godt samarbeid.
Eg takker for tilliten, og vil gjere mitt
aller beste for at Nordre Strand oppvekstsenter held fram med å vere ein
levande del av lokalmiljøet, fylt av trygge, lærelystne og glade born.
Beste helsing
Anna Maria Oanes