Me på Nordre Strand oppvekstsenter jobbar for å skape ein sterkare
kultur for lesing, og dei to neste vekene er det leseveker her hos oss. Lesevekene
har som mål å inspirere elevane til å lese meir, og fokuset er leseglede og
motivasjon. I barnehagen har dei alltid lest mykje for ungane, og i dei neste vekene vil vi ha enda større fokus på dette. Elevar frå skulen har også invitert seg på lesebesøk til barnehagen, så dette gler me oss til. På skulen har me valt oss ut Astrid Lindgren som ein forfattar me vil lære oss meir om, så mange av bøkene me les i lag vil vere skreve av ho.
Merk
dykk dette:
Morgonope skulebibliotek
Skulebiblioteket har morgonope kvar dag i veke 39 og 40
Frå kl.8.30-08.55
Biblioteket vil stort sett vere betjent, og føresette, besteforeldre og småsysken er velkomne til å bli med inn, for å låne- eller lese bøker.
Bokkafé
Måndag 2. okotober inviterer me til bokkafé på biblioteket.
Frå kl. 16.00-18.00.
Alle er invitert.
- Morgonope bibliotek og bokkafé er eit heilt frivilleg lavterskeltilbod for dei som har lyst og anledning. Dette gjeld både for elevar og føresette.
Me forventar altså ikkje at folk skal endre morgonlogistikk eller ta seg fri frå arbeid for å komme:)
Lesing
er veldig viktig for barna si læring og utvikling, og me oppmodar de til å
sette av tid til dette i tida som kjem. Me håper også de vil lese saman med
barna, og me utfordrar de til å snakke saman om litteratur.
Me gler oss!