Meny
Vel klasse Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Uteskule
Selbjørn Skule 5397 BEKKJARVIK
Telefon: 55081343 Send e-post til oss
Redaktør: Hege Haugland
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juli 2024><<
juli 2024
mtotfls
24252627282930
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29303101020304
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Til topps i fylkesfinalen.

12. april var det kommunefinale for Ungt entrepenørskap i Austevoll. Oppgåvene kan vere nesten kva som helst, men målet er at elevane skal samarbeide i lag på fire, vise innovasjon og skaffe seg kunnskap for å løyse problem på ei bærekraftig måte, knytta til næring natur og samfunn. Kvar kommune i Vestland fylke har si finale og det beste forslaget blir fremma i fylkesfinalen i mai. 6. trinn på Selbjørn skule vann kommunefinalen og gjekk vidare til fylkesfinalen. Der gjekk dei heilt til topps.

Allessandro Cresci og Kjetil Steinsland ga 6. klassingane i Austevoll ei utfordring på å sjå innovativt på problemstillinga rundt støy i havet, med fokus på effekter av skip og havvind på gytefelt for torsk. 6. klassingane Kristi Berit, Matilde, Ronja og Even frå Selbjørn skule si løysing på problemet med støyforstyrring på gytefelt inneheldt så mange verkelege oppegåande, nytenkande og tekniske løysingar, som både kunne nyttast for å overvåke gytefeltet, varsle i sann tid via kart kvar skipstrafikken må halde bedre avstand, utnytte fornybar energi og også ei rekke løysinger på fornybar energiproduksjon frå strøm heller enn vind, at dei gjekk heilt til topps i fylkesfinalen. Det var ein stolt gjeng som blei overrarska av ordførar Bente Kari, Kjetil Steinsland frå Havforskningsinstituttet, ei representant frå Ungt entrepenørskap, Marsteinen og rektor Hege etter at seieren var offentliggjort. Elevane fekk mykje skryt for den kreative, nytenkande og ikkje minst miljøvenlege løysinga dei hadde på utfordringa. Heile klassen blei premiert med is og gåvekort på 3000 kr som klassen kan bruke på noko kjekt i lag. Dei blei og invitert på omvisning på Havforskningsinstituttet i Austevoll. 

Gratulerer til kontaktlærar Magne og elevane i 6. klasse.