I veke 11- 13 har 1.- 7. trinn på Selbjørn skule hatt leseprosjekt der fokuset har vore teikneserier. Elevane har mellom anna lest teikneserier, laga teikneserier og laga Andeby. Det har vore gøy å bli kjent med teikneserier vi ikke kjente fra før, kom det frå fleire elevar under prosjektet. Elevane er einige om at teikneserier er gøy! Samtidig er det ein fin måte å øve seg i lesing på. Prosjektet blei avslutta torsdag 27. april. Då fekk skulen besøk av Ketil Reigstad frå folkebiblioteket i Bekkjarvik. Han snakka mellom anna om teikneserier "før i tida" og i dag, og om at teikneserier ofte har eit viktig bodskap og tema. Han avslutta med å vise ein Disney- klassiker.
Bilde 1 av 12