12. april var det kommunefinale for Ungt entrepenørskap i Austevoll. Oppgåvene kan vere nesten kva som helst, men målet er at elevane skal samarbeide i lag på fire, vise innovasjon og skaffe seg kunnskap for å løyse problem på ei bærekraftig måte, knytta til næring natur og samfunn. Kvar kommune i Vestland fylke har si finale og det beste forslaget blir fremma i fylkesfinalen i mai. 6. trinn på Selbjørn skule vann kommunefinalen og gjekk vidare til fylkesfinalen. Der gjekk dei heilt til topps.