Kokkekamp i mat og helse
Denne veka har elevane på 6. trinn gjennomført årets kokkekamp i mat og helse faget. Dei har komponert ein meny ut i frå eit gitt budsjett, vore å handla og ikkje minst laga eit flott toretters måltid dei heldige dommerane har fått nyte.
Publisert: 11.05.2023 23:00 Sist endra: 11.05.2023 23:02 Forfattar: Silje Røssland Drivenes
Det er til saman seks grupper i mat og helse, tre som kokkelerer om tysdagen og tre om torsdagen. Menyene i årets kokkekamp var som følger:
• Hamburger og trippel sjokoladebolle
• Pizza og snickerskake
• Mozarella pizza og Creme Brulee
• Lasagne og oreo milkshake
• Nachos og Brownie m/oreois
• Våruller m/ris og Sjokoladefondant m/is
Og det aller meste var laga frå bunnen 🤩
Ein fantastisk innsats av alle mat og helse elevane og flotte og stolte vinnarar 😀