23.april er Verdas bokdag, og den har vi tradisjon for å markere på Vestbygd skule. Dette gjer vi for å motivere til bokglede, leselyst og fokusere på det positive ved lesing. Bøker er ein link mellom fortid og framtid, ei bru mellom generasjonar og på tvers av kulturar.
Elevane var engasjerte og jobba i grupper på dei ulike oppgåvene. På bileta kan de sjå noko av det som elevane jobba med på skulen i dag.