På skolen skal det vere eit elevråd. Det er elevrådet si oppgåve å representere elevane ovanfor rektor og andre som bestemmer på skolen.Det betyr at dersom det er noko du ikkje er fornøgd med eller ønsker å drøfte, kan du ta saka opp i elevrådet.
Kvar klasse vel sin elevråderepresentant i starten av skoleåret.Elevråderepresentanten i din klasse kan ta opp saker du og klassen meiner elevrådet bør ta vidare med rektor.