Meny
VELG KLASSE Framside
Kleivhaugen 2 5392 STOREBØ
Telefon: 55081300 Send e-post til oss
Redaktør: Anders Hjelle
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<september 2026><<
september 2026
mtotfls
31010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293001020304
05060708091011
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Påmelding til skulelunsj

Skal ungdommen din ha lunsj på ungdomsskulen? Då må du melde frå.
Ungdomsskulelevane har 40 minutt lunsjpause. Eleven må gjennomføre lunsjen i løpet av 15 minutt for at alle skal få tid til å ete. Servering av lunsjen baserer seg på sjølvbetjeningsprinsippet. Det vil vere tilsynsvakt til stade under lunsjen. Elevane hjelper til med å laga til lunsj etter ein rulleringsplan.

Dei elevane som ikkje er med på lunsjordninga kan ta med seg matpakke og drikke, eventuelt kjøpe seg drikke. Vi ønsker at alle skal få ete lunsj saman i Austevollhallen.

Alle elevane i ungdomsskulen får gratis skulefrukt. Utdeling av dette blir organisert som ein del av skulelunsjen.

Det er viktig at du betalar faktura for skulelunsj innan fristen slik at vi har pengar på konto når rekningane skal betalast.
Du finn prisar på nettsida til kommunen under GEBYR.

Vilkår for skulelunsjordninga:

- Når det er heildagsprøvar/andre arrangement vert det ikkje laga lunsj. Elevane må då ha med seg matpakke og drikke.

- Dersom elevar er vekke, eller når det er andre arrangement på skulen, vert det ikkje tilbakebetalt pengar, men dei går inn i lunsjkassa.

- Du blir fakturert for 10 månader. Faktura blir sendt ut frå Austevoll kommune. Prisane kan bli endra når nytt budsjett for Austevoll kommune blir vedtatt.

- Påmeldinga er gjeldande for alle tre skuleåra. Eventuell oppseiing av lunsjavtale gjer du ved å sende e-post til ungdomsskule@austevoll.kommun