Meny
VELG KLASSE Framside
Kleivhaugen 2 5392 STOREBØ
Telefon: 55081300 Send e-post til oss
Redaktør: Anders Hjelle
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2025><<
mars 2025
mtotfls
24252627280102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31010203040506
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
§ 9-21 Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka

FRITAK FRÅ OPPLÆRING I SKRIFTLEG SIDEMÅL KAN DU SØKE HVIS DU

Elevar, tidlegare elevar og privatistar har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom eitt av desse vilkåra er oppfylt:

Dei har vanskar med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon.
Dei har ikkje gått i norsk grunnskole på 8. til 10. trinn.
Dei har eller har hatt særskild språkopplæring i løpet av 8. til 10. trinn eller i vidaregåande opplæring.
Dei har i løpet av 8. til 10. trinn eller i den vidaregåande opplæringa gått på ein internasjonal eller utanlandsk skole i Noreg som er godkjend for ikkje å gi vurdering med karakter i sidemål.

Elevar som hadde rett til fritak frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka på 8. til 10. trinn etter § 1-11, har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål i vidaregåande opplæring. Den skolen, kommunen eller fylkeskommunen som har ansvar for å utferde vitnemål, skal avgjere søknader om fritak.

Søknad:

Send melding til skulen gjennom Visma Flyt Skole, der det kjem fram;

- Namn på elev

- Kva søknaden gjeld

- Kva dokumentasjon som ligg til grunn for søknaden