Meny
Velg seksjon Framside
Uteflorsvegen 12 5392 Storebø
Telefon: 55 08 13 25 Send e-post til oss
Redaktør: Vibecke Storebø
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<september 2024><<
september 2024
mtotfls
26272829303101
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30010203040506
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Ungdomslosen på foreldremøte

Torsdag 5. september var Håkon Kalvenes på foreldremøte til 7. trinn. Han er ein av to ungdomslosar i kommunen. Håkon fortalte litt om jobben sin og kva han kunne bidra med for å hjelpe skule, elev og heim.

Ungdomslosen sitt mandat er å rettleie, rådgje og koordinere på individnivå og systemnivå. Dette betyr:
Ungdomslosen støttar, motiverer og hjelper  barn og unge i kontakten med familie, skule og øvrig hjelpeapparat.
Ungdomslosen rettleiar og gjev råd til skulen slik at forståinga og hjelpa til barn og unge kan verte mest mogleg heilskapleg og tilrettelagt.
Ungdomslosen jobbar systematisk slik at så mange elevar som mogleg vert ivaretatt frå skulestart til skuleslutt.

Ungdomslosar Austevoll kommune

 

Main Image
Bilete 1 av 2