Italiensk månad i skulelunsjen
Kvar onsdag får elevane på Selbjørn skule varmmat til lunsj. Denne månaden er det italiensk inspirert mat som står på menyen.
Publisert: 07.11.2024 15:27 Sist endra: 07.11.2024 15:32 Forfattar: Jannicke O. Fagerbakke
Vivian Veivåg får mykje skryt av elevane for den gode skulelunsjen ho lagar til dei kvar dag. Fremover ynskjer Vivian å ha nye tema kvar månad som vil inspirere varmrettane ho lagar til elevane om onsdagane. Denne månaden er temaet Italia. Då elevane kom til lunsj på onsdag denne veka blei dei møtt med italiensk musikk og pynta bord og vegger. Italiensk bolognese stod på menyen. Elevane var veldig fornøyde.