Utedag i skogen
Rett før haustferien tok 5.trinn seg ein tur ut for å kjenne på skogens ro. Det er heilt magisk å flytta undervisning ut og kjenna at skuldrene og hjarterytmen senkar seg.
Publisert: 17.10.2024 15:43 Sist endra: aldri Forfattar: Hilde Haraldseid
Me var heldige med vêret og mor til ein elev hadde laga pinnebrøddeig til heile bøtteballetten! Og jammen hadde ikkje Elin med seg ei overrasking til dessert til alle saman. Det vart tilbrakt ein god del tid med å laga grillspyd og tilbereia mat og fortæra maten på og ved bålet. Ein gjeng kreative sjeler laga til og med ein ny leik - ooga booga - dyktige elevar me har her på Selbjørn!