Kolibrijogg
Fredag 24.mai arrangerte Selbjørn skule Kolibrijogg for alle elevane på skulen.
Publisert: 24.05.2024 15:05 Sist endra: 30.09.2024 12:05 Forfattar: Jannicke O. Fagerbakke
Fredag 24.mai arrangerte Selbjørn Kolibrijogg for alle elevane på Selbjørn skule. Elevane sprang eller gjekk ei løype i 40 min., og vert sponsa med ein sum for kvar runde, eller ein fast sum, av foreldre, besteforeldre, verksemder og elles dei som ønskjer å bidra til å hjelpe barn i favelaen i Brasil. Elevane har og jobba med undervisningsopplegg som handlar om organisasjonen Carf (Children at risk foundation), og arbeidet dei gjer for å hjelpe barn og ungdom som bur i urbane risikoområde prega av sosiale problem, slik at dei ikkje hamnar på gata.
Dagen blei avslutta med besøk av Fredrik som representerer organisasjonen Carf. Han fortalte om og viste bilete frå mellom anna favelaen, kolibrisentra og livet på gata som er bustaden til mange born i Sao Paulo i Brasil.
Ein sporty og lærerik dag på Selbjørn skule.