Meny
Vel side Klasse 3 b
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Magne Lædre
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Det er 2 dokumenter i arkivet.

Hei alle saman! 😊 
Eg heiter Anniken Monsen og er den nye kontaktlæraren.
Torsdag 17.08 startar elevane kl.0830. Vi møtast i skulegarden på småplassen når det ringer.

Eg står ute og har med skilt med «klasse 2B» slik at barna lett kan sjå meg. Vi går inn saman til klasserommet som er i 2. etasje.  
Det er vanlig skuledag i morgon fram til kl. 1250.

I starten kjem eg til å ha fokus på å bli kjend med barna og skape gode relasjonar. Vi skal jobbe med venskap i klassen, det blir derfor mykje aktivitet med leik og samspel. Den faglege vektlegginga bli repetisjonar av bokstavar og tal frå 0-20. Det blir foreldremøte i veke 36 – info om dato kjem.

Hilde Sudmann Stokka er ny lærar på Sagstad skule og skal jobbe som faglærar på trinnet. Ho kjem til å ha i nokre timer i 2B. 

Her på heimasida ligg ulike infoskriv som elevene får utdelt. Her finn de også timeplan og vekeplan. 

Ta gjerne kontakt om de lurer på noko eller om de ønskjer kontakt før skulestart.

Eg gler meg masse til å bli kjend med barna i klasse 2B og ser frem til eit godt samarbeid med dykk foreldre! 😊 

Helsing frå Anniken (kontaktlærar 2B)