Meny
Vel side Framside
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Magne Lædre
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Pålogging heimesida
Pålogging heimesida - ansatte
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<oktober 2024><<
oktober 2024
mtotfls
30010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293031010203
04050607080910
Trafikktryggleik ved skulen

Vi er no inne i ei tid der det er mørkt og mykje dårleg vær. Vi ser då at trafikkmengda til skulen aukar om morgonen. I samband med det vil eg gjerne minne om det felles ansvaret vi har for at alle elevane våre kjem seg trygt til og frå skulen.

Vi vil rette merksemda mot ei viktig sak som gjeld trafikkavviklinga rundt skulen, spesielt om morgonen når mange elevar blir køyrde til skulen. Den noverande trafikksituasjonen er ofte kaotisk og uoversiktleg, og dette skaper farlege situasjonar for både elevar og andre trafikantar.
Vi ber om at alle følgjer det etablerte køyremønsteret, som vist på biletet. Dette mønsteret er utforma for å sikre trygg og effektiv av- og påstiging av elevar. Vi vil spesielt understreke at det å sleppe av elevar ved busstoppet nær parkeringsplassen og deretter gjennomføre U-sving i vegen skapar farlege situasjonar for elevar som ferdast i området, noko vi må unngå.

Om du som føresett treng ekstra tid saman med barnet – anten det er for ein klem, justering av klede, eller at du ønskjer å følgje barnet heilt opp til skulen – ber vi om at du parkerer på parkeringsplassen. Bussløyfa er berre for rask avstiging. Unngå å ta deg god tid eller parkere der for å følgje barnet opp til skulen, slik at trafikken kan flyte jamt og alle elevane er trygge. Dette gjeld og etter skule- og SFOtid. Treng du parkere for å vente på nokon, nytt parkeringsplassen. Det er ikkje greitt å parkere i bussløyfa eller i vegen opp til skulen.

Vi oppmodar også alle om å sjå musikkvideoen som FAU har laga om trafikktryggleik. Den inneheld nyttige tips om korleis vi kan bidra til ein tryggare skuleveg.
https://www.youtube.com/watch?v=9gxrb_XV7sw

Vi er uroa for tryggleiken til elevane, særleg på grunn av den store trafikkmengda om morgonen. Trafikken vil bli mykje betre om fleire elevar går eller syklar til skulen, og vi oppmodar alle til å vurdere dette dersom det er mogleg.

Til slutt vil vi påpeike at bussvaktene, som er der for å hjelpe til med trafikkavviklinga, dessverre har opplevd å få ufine kommentarar frå enkelte foreldre når dei gjev rettleiing. Vi ber om at de møter dei med respekt – dei er der for å sikre tryggleiken til barna våre.

La oss saman gjere skulevegen tryggare for barna våre.