Måndag 7. april fekk me koseleg besøk på trinnet. Familien til Linnea fekk 17 kyllingar, 4.april, og no var kyllingane blitt så robuste at dei kunne koma til klassen på visning. Veldig kjekt å få halda og kosa med desse nydelege små lodne nøsta.
Dette er kyllingar av hønserasen: Dverg kochin. Av 18 gjennomlyste egg var det 17 kyllingar som overlevde. Det er ikkje lett å sjå forskjell på han og ho så tidleg, men hoa har litt lengre fjør på kroppen og hannen får sterk raudfarge på kammen tidleg.
Takk for besøket, Lisa Mari dette var kjekt🐥 og passa godt no rett før påske. 🐣