Inkluderande trivselsleiarar (TL) spelar ei viktig rolle i å styrke samhaldet og skape eit tryggare skulemiljø gjennom aktivitetar i friminutta. Konseptet Aktiv læring, som kombinerer fysisk aktivitet og læring, bidrar til ei meir engasjerande undervisning. Over 1400 grunnskolar i Noreg, Sverige og Island er ein del av dette programmet, som gir positive effekter på elevane sin trivsel. I dag er elevar frå Storebø Skule, Selbjørn Skule og Montessoriskule Kolbeinsvik samla til TL-kurs i Selbjørn Idrettshall. Ein fantastisk dag med 51 engasjerte og aktive elevar! 🤗