Snødag
I ekte vestlandsånd hiv me oss rundt og er ute når det er snø! Alle er ikkje like glade i den kvite herligheten som fell frå sky, men å utnytta den er viktig åkke som.
Publisert: 06.01.2025 14:58 Sist endra: aldri Forfattar: Hilde Haraldseid
Å starte opp etter julefeiring og nyttår med rangling og mykje god mat og anna kan vera tungt. Og for å få ein mjuk start tok me ein dag ute med leik i snø, bål og matlaging og meir leik. Når snøen er her, er eg ute. Me får tidsnok dårleg ver og det er kjekkare inne enn ute.