Juleframsyning for 1. - 4. trinn
På ettermiddagen torsdag 5. desember hadde 1.- 4. trinn på Selbjørn skule juleframsyning for foreldre, sysken, besteforeldre og andre som ville vere med å sjå på.
Elevane på 1.- 4. trinn framførte stykke "Juletreets magi" som ein av lærarane på 2. trinn har skrive. Hovudbodskapen i historia er at det viktigaste med jula er å gjere andre glad. Det fekk elevane fint fram gjennom replikkar og song frå kvart trinn. Publikum i Kongsen kultursal vart nok både rørt, imponert og stolt av dei flinke elevane.