Publisert: 15. desember 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Karen Helene Seppola
Juleferie 2025
Me har lagt bak oss første del av skuleåret 2025-2026. Både store og små har lagt ned mykje arbeid og innsats for å skape trivsel og læring på Frøyland skule. No senker julefreden seg over oss og me ønskjer dykk alle ei god jul og eit godt nytt år.
Fredag 19.desember kl. 11 startar juleferien for elevane. Denne dagen opnar SFO når skulen stengjer.
SFO har opent desse dagane i juleferien:
22.12, 23.12, 29,12, 30.12 og 02.01
Måndag 5.januar er fyste skuledag etter ferien. Skule og SFO opnar til vanleg tid.
Me på Frøyland skule ønskjer dykk alle
god jul og godt nytt år.