1. - 4. klasse hadde ein fin og fredeleg utedag denne torsdagen.
Mange jakta på småkryp som dei fanga og tok ein nærare kikk på i lupeboksane me hadde med oss. Det var mykje å finna; mellom anna skrukketroll, edderkoppar, skolopender, tusenbein, meitemakk og sniglar. Til og med ei lita padde vart oppdaga, men då det viste seg at han ikkje var ein prins fekk han sleppa fri ganske raskt.
Hyttebygging pågår òg, men nett no er det dårleg med materiale å bygga med for dei yngste. Me får ønska oss litt nytt, så veggane kan bli tette i løpet av vinteren!