Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<oktober 2024><<
oktober 2024
mtotfls
30010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293031010203
04050607080910
Gå til Google Classroom
Musikktjuven

I siste time før helga fekk me besøk av "Musikktyven" på Sinnes skule, i form av Den kulturelle skulesekken.

"Musikktyven" er eit syngespel for born som tek oss med frå dei heilt grunnleggjande komponentane i musikken; tonar, rytme, klang osb, til store meisterverk som musikalar og operastykker. Alt fint pakka inn for å treffa små øyre.

Nils Sødal opna showet med å gje oss ein gjennomgang av historia me skulle få sjå. Etterkvart kom systrene Alma (Benedikta Sofie Ribe) og Frida (Silvia Moi) inn på scena.

Det var ein særs fengsla gjeng som fekk 45 minutt med stor (i fleire tydingar) musikk. Ensemblet klarte på meisterleg vis å engasjera elevane, og å dra dei med seg inn i historia si om all musikken som var fanga på flasker.

At tilbod som dette, Den kulturelle skulesekken, eksisterer, er eit unikt tilbod til distrika rundt om i Noreg. På den måten kan me få små smakebitar av det beste Noreg kan by på av kultur.

Takk for vitjinga!