Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<oktober 2024><<
oktober 2024
mtotfls
30010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293031010203
04050607080910
Gå til Google Classroom
"Tursdag" med fokus på insekt

I dag var heile 1. - 4. klasse saman. Etterkvart. Alle vegar går til Rom, heiter det, så 1-2 og 3-4 tok litt ulike ruter ned til Klampen, som var dagens base.

1. og 2. snakka om insekt på turen. Kvifor er det så få no? Kva insekt kjenner me til? Me kom vel opp i ti ulike sortar i farten. Så då sette me oss eit (optimistisk) mål om å finna 11 ulike insekt på turen. Trass vertilhøve og årstid...

Det gjekk ikkje lange tida før det vart funne mark, og sniglar. Maurkoloniar fann me to stader. Ein einsleg skolopender slapp unna, utan at me fekk teke bilete av han. Og ei bille låg og sprella litt på ryggen i ei hand.

Då me kom til Klampen, var 3. og 4. alt i gang der. Det var mykje kjekk leik. Litt hanekampar som utruleg nok gjekk godt. Elles leika me raudt lys, og straumen.

Det var servert pølse med alt, og softis. Før sjokoladekaka gjekk på rundgang til stor fornøying.

Ved avgang vart det stort drama, då nøkkelen til låsen var forsvunnen. Heldigvis, etter intens leiting og godt samarbeid klarte me å finna han att, så me fekk låst att skulebua.

Main Image
Bilete 1 av 9