Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<oktober 2024><<
oktober 2024
mtotfls
30010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293031010203
04050607080910
Gå til Google Classroom
Overnattingstur august 2024

Etter fleire år med overnattingsturar i Øvre Sirdal, var det på tide å bli kjende lenger sør i kommunen vår. Valet fall på Feed skiarena og nærområdet der i første omgang, før me forflytta oss til Tonstad den andre dagen.

Vêrmeldinga på torsdag var grei, og alle fekk opp telta sine og “flytta inn” før me skulle ha føremiddagsmat. Anne og Anne Grethe hadde laga “verdas beste suppe”, men medan me kosa oss med den i arenabygget, opna himmelen sine sluser seg. Dermed var det berre å venta inne til det roa seg, sjølv om fleire prøvde å springa mellom dropane. Det blei til og med tid til litt høgtlesing før me skulle på tur.

Alle starta turen saman, men medan 1.-4.-klassingane fortsette i løypetraseen, svingde elevane på mellomtrinnet og ungdomsskulen av mot Maritshei. Det vart vått, bratt og sørpete, men skodda letna til alle var på toppen. Dei minste gjekk på kryss og tvers, plukka blåbær, sende bjørkelauvbåtar i bekken og snudde ikkje før dei såg husa i Feed-bygda. Vart det nærare tre kilometer tru?

Resten av ettermiddagen aktiviserte alle seg slik dei lysta, før mange foreldre kom til grilling, og nokon for å overnatta saman med oss. Mange elevar spelte ivrig ein dabb, og medan nokon prøvde å gå til ro i teltet, roa andre ned med kortspel før dei kraup ned i soveposen. Trass insekt i teltet, skuggar på teltduken, småsnakk i naboteltet eller jakt på grevling, senka roen seg på teltplassen til slutt.

Det blei ei relativt kort natt, for klokka seks fredag morgon vart dei fleste vekte av striregn mot teltduken… Å pakka ned våte telt er ikkje kjekt, men etter kvart hadde alle fått i seg frukost, hadde pakka og var klar for ny dag og ny tur.

5.-10. klasse følgde den gamle ferdselsvegen frå Feed til Tonstad, “Nordgardsvegen”, på veg mot Sirdalsørret si brygge. Dei skulle på besøk på oppdrettsanlegget, og fekk vita mykje om aureoppdrett; mating, fór, foredling og eksport. I tillegg fortalde Mats Tjørhom om akvakultur og yrkesval innan fiskeoppdrett. Tusen takk!

Vel attende på land, inspiserte nokon leikeplassen ved Eliastunet og åt føremiddagsmaten på biblioteket, før dei skulle ta att småskulen. Dei var på veg til dagsturhytta “Nistebu” etter ein leikepause i barnehagen på Monan. Me fekk fyr i omnen på “Nistebu”, fann mange kjekke bøker i bokhylla og kunne godt ha vore der litt til, men me måtte nå bussen heim frå Seland.

Siste etappe gjekk fort, og det var me som måtte venta på bussen, men stemninga var god, trass ein dag med meir regn. Det var nok fleire, både store og små, som hadde blitt kjende med ein ny stad eller to.

Har du lese heilt til slutt, blir spørsmålet om du saknar eit liggeunderlag? Det låg att eitt i bussen.

Main Image
Bilete 1 av 22