Fyrste heile veka på skulen. Då er det berre å forta seg på tretur før blada forsvinn i hausten. Dagens seanse vart dog av den våte sorten...
Me tok turen til ein ukjend stad på Sinnes, der sjølve urtreet står.
Kva tre er det? Kor stort er det? Kor mange elevar må til for å ta rundt det? Kva andre tre ser me på vegen, og kva eigenskapar har desse?
Alt dette var ting me snakka om i klasserommet før me sala opp og drog av garde.
Då me var attende på skulen etterpå, hadde me sett gran og furu, bjørk, rogn, osp, lønn og eik(?). Me hadde òg smaka på gauksyre, rognebær (usj), solbær og spansk kjørvel. Me fekk òg lukta på ei urt ein kan laga te med før ein sovnar... Mynte.