Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<januar 2025><<
januar 2025
mtotfls
30310102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930310102
03040506070809
Gå til Google Classroom
Til ettertanke

"Kan noko godt koma frå Nasaret?" spurde Magnar Undheim på Slottet Sirdal 24. mai. "Dette lurte  Nataniel på for 2000 år sidan. Plassen var for bagatellmessig til det – akkurat som ei lita fjellbygd,"

Vidare halde Magnar fram: "På same vis som Odd Børretzen forklarte kor stor verda var med å fortelja om bestemora, Siri Fidjeland frå Øvre Sirdal, ho trong fire døgn for å koma til Oslo for å vitja dotter og barnebarn, skal eg visa kor lita fjellbygda er ved å fortelja om Sinnes skule. Skulen har litt over 5 elevar i årskullet i snitt. Fem elevar!

Tor Sigve Vik, Tore Kvæven, Ingrid Bjørndal, Vegard Tjørhom og Nina Ousdal, som alle har vore sentrale her i kveld, har gått på denne skulen de kan sjå gjennom vindauga her på Slottet. Kan det koma noko godt frå Nasaret?" Eller frå ein liten skule i Øvre Sirdal…

Me treng ei slik påminning innimellom, og det var både interessant og flott å høyra på forfattaren og korrespondenten, om korleis ideen til "Fjellbygda i verda" oppstod og om barneheimen overskotet gjekk til.

Main Image
Bilete 1 av 5