Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Artikkel
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juli 2024><<
juli 2024
mtotfls
24252627282930
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29303101020304
Gå til Google Classroom
Tesè: Teater + Musé

Det vart ein lang dag i går, då 1. - 9. klasse drog i vesterveg på tokt. Fyrst til Jæren og Nærbø på Vitengarden, og så Nord-Jæren og Stavanger på teater med "Matilda" på scenen. Då me kom til skulen att, var alle vel nøgde og samde om at det hadde vore ein fin dag i "utlendighet" i Rogaland.

Bussen tok oss frå skulen 08.50, og me køyrde mot Ålgård. Alle elevane overlevde tunellane. Ikkje så lett, når det ikkje er lov å pusta i dei. Då me kom til Ålgård, svingde me av før "Figgen" og tok "the scenic route" til Figgjo. Her svingde me inn på fv. 220, vidare til Orstad og Kleppe, før turen igjen gjekk sydover til Nærbø og Vitengarden.

Her fekk me vera veterinærar, sjå på MANGE gamle traktorar, halda på i siloen, hoppa i høyet frå staen, halda kyllingar, leika i orkan og hadde det vore litt mindre vind på Jæren, kunne me fort ha endt opp med å dusja oss òg. Men det kjekkaste var kanskje å gå i "myre"!

Etter ein lang dag der, drog me inn til Nærbø sentrum for å ha mat før teateret. Overraskinga var jo stor, då me svinga inn på parkeringsplassen og vart møtt av ENDÅ ein Sirdalsbuss. Her var det den eldre generasjon som var på tur. Kan hende var det slåttegjengen til Ola Sigurd som skulle feira nye Noregsmeistrar frå Sirdal? Me fekk fyllt på tanken med herleg pizza.

Etterpå fekk me lufta oss litt på Nærbø ungdomsskule sine leikeareal, før me igjen sette oss på bussen og drog mot Stavanger.

Her fekk me sjekka at billettane var i orden, før me tok oss ein tur frå Kannik, ned på jernbanelokket og rundt Breiavatnet via Stavanger domkyrkje og Kongsgård vidaregåande skule. Her fekk me nærkonakt med nokre lokale innfødde, men duene og svanene var fåmælte i tilbakemeldingane.

Etter rundturen bar det opp att i foajeen, og då dørene opna, fann me fram til plassane våre og sette oss til. Og FOR ei førestilling det vart!

Ragnhild Røsbak Sandemose (Matilda), Mareike Wang (Miss Honey) og ikkje MINST Espen Hana som rektor Trunchbull, halde oss ytst på stolkanten av nysgjerrigheit og gapande i stolrekkene av morosame innslag i to alt for kjappe timar. Då teppet gjekk ned for siste gong, etter mykje velfortent applaus, var det ein glad, sliten og etter kvart trøytt gjeng som drog heim att til Sinnes.

Main Image

Bilete 1 av 22