Design og redesign tok seg ein liten tur til Tonstad.
ASVO var så greie og let oss få koma på besøk til dei. Her fekk me låna eit hjørne av verkstaden, der me pussa nokre gamle vindauge. Me fjerna òg kittet som var rundt rutene, men dette sat frykteleg godt fast nokre stader. Dette resulterte i at nokre av rutene sprakk, men jammen fekk me nye glas å setja i på 1-2-3 òg.
Etter at vindauga var ferdige, klipte me til bilete me har tatt sjølv. Desse blei festa på baksida og dei gamle vindauga ende som flotte rammer! Resultatet blei kjempeflott! Ein kjekk dag :-)