Bakeprøve i ungdomsskulen
Onsdag hadde elevane i ungdomsskulen bakeprøve.
Publisert: 08.03.2019 00:06 Sist endra: 08.03.2019 00:06 Forfattar: Torger Åge Sinnes
Ingen bakarmeister eller bakargut var å sjå, men derimot ivrige 8.- og 9.-klassingar med sin eigen tvist på bollar. Kanel i svingane, pizzabollar og skulebollar var alle representerte i nydelege presentasjonar framfor eit strengt, men rettferdig smakspanel som var flogne inn frå Michelinguiden for å avgjera den beste Bolla 2019 på Sinnes skule.
Etter mange herlige smaksprøver, mykje "mmmmmm-ing" og intens diskusjon blant dommarane på bakrommet, gjekk Bolla 2019 til slutt til bakarguten frå Fidjeland, tett følgt av resten av feltet.
Takk til alle for ein strålande innsats!