Fleire av trinna på Selbjørn skule har denne veka laga ulike pepperkakeverk til pepperkakelandsbyen på torget i Bekkjarvik.
Alle som leverer inn er med i kåringa av årets kunstverk, kåra av publikum.
Elevane på 6. trinn fekk i oppgåve i Mat og Helse å lage fire naust av pepperkakedeig. Nausta bestod av fire vegger og tak samt to kasser til not og garn. Elevane fekk god hjelp av fadderborna på 1. trinn til å dekorere nausta og kassene.
1. trinn har og laga ulike pepperkakefigurar som dei dekorerte saman med fadrene sine. Figurane blei plassert i den lille landsbyen som lærling Nora hadde laga og sett saman. Resultatet blei veldig bra.
5. trinn fekk i oppgåve å lage fiskebåten Manon av pepperkakedeig. Det blei eit imponerande resultat.