Onsdag 28. august går startskotet for Læring i Næring 2019-20. Læring i Næring er eit tiltak som skal vera med å gi ungdommen i Suldal kjennskap til lokalt næringsliv og ulike yrkesretningar. Det er er samarbeid mellom Suldal Vekst, næringslivet og skulen der Suldal Vekst er drivmotoren og koordinerer det heile. Tilbodet blir gitt til elevane i 9. trinn.
Gjennom Læring i Næring får ungdommane moglegheit til å bli kjend med bedrifter i Suldal og det kan vera med å danna grunnlaget for vidare utdanningsval. Alle elevane i 9. klasse har ei økt på skulen med informasjon om kva Læring i Næring er og at bedrifter presenterer seg. I etterkant av dette får elevane opplæring i å skriva jobbsøknad. I fritida vil dei som er interessert, motivert og får ja på ein søknad moglegheit til å prøva seg i arbeidslivet. Praksis vert lagt til fritid, feriar og eventuelt etter skuletid. Fullstendig informasjon om kva Læring i Næring er og korleis et er organisert og fungerer finn du i vedlegget.
Me gleder oss til å komma i gang!