14. mars arrangeres Barnehagedagen 2023. Dagen markeres over heile landet for å synleggjere kva barna erfarer og opplever i barnehagen. På Eikehaugen markerte vi dagen med blant anna å invitere elevane på 5.-6. trinn på leike- og lunsjbesøk.
Elevane blei fordelt på begge avdelingar, og både store og små barn hadde stor glede av besøket.
Den korte avstanden mellom skule og barnehage gjer slike treff lettare å gjennomføre, og desse møtene mellom generasjonar er utrulig verdifulle. Både for store og små.
Både barn, føresette og andre tilsette på NSO er stolte av- og glad i barnehagen vår, og på vegne av oss alle ønsker vi både store og små på Eikehaugen gratulerer med dagen!