Ny helsesjukepleiar ved skulen heitter Ester Thorsen
Ho er ein del av skulehelsetenesta i kommunen. Skulehelsetenesta er ein av fleire hjelpetenester skulen samarbeider med. Helsesjukepleiar er innom i klassane med undervisningsopplegg, har samtalar med enkeltelevar og samarbeider elles med skulen for at elevane våre skal få eit best mogleg utbyte av det sosiale livet på skulen, og undervisninga.
Ester skal ha frammøtetid på Marvik skule, ca. ein dag i månaden. På skulen held Ester til på "solrommet" i 2. etg, men ho er også ute i friminutta saman med elevane. Elevane kan i løpet av dagen oppsøka henne sjølv når dei ønskjer. Ho har også kontakt med dei
fleste klassetrinna i løpet av året gjennom ulike oppgåver, samt
oppfølging av enkeltelevar. Foreldre og anna skulepersonell kan også kontakta helsesjukepleiar om ønskjeleg.
I tillegg til helsesjukepleiar består skulehelsetenesta av blant anna skulelege. Skulelegen møter
alle elevane gjennom helsekontroll før skulestart. Seinare er
skulelegen medisinsk rådgjevar for skulehelsetenesta. Helseproblem hjå
elevane skal følgjast opp av fastlegen.
Barne- og familieteamet har eit tett samarbeid med helsestasjonen. Dei skal særleg
ha kontakt med barn og/eller foreldre med psykiske lidingar eller
anna langvarig sjukdom der barn treng ekstra oppfølging, eller ved samlivsproblem og andre situasjonar der familien
treng støtte.
PROGRAM
FOR SKULEHELSTENESTA, SULDAL KOMMUNE
Skulestart |
Helsekontroll av førskuleeleven v/ helsesøster og lege. Syn/hørsel / høgde / vekt /
|
1. klasse |
Samtale med kontaktlærar, evt. oppfølging av enkelte elevar. Delta på foreldremøte |
2. klasse |
Vaksine mot polio, difteri, kikhoste og stivkrampe. Eleven vert innkalla saman med foreldre/foresatte. Samtale om helse, trivsel eller anna foresatte/eleven vil ta opp. |
3. klasse |
Høgde/vekt |
4. klasse |
Gruppesamtale m/elevene Tema: kosthald, fysisk aktivitet. Delta på klasseforeldremøte |
5. klasse |
Gruppesamtale om pubertet gutte/jentegrupper. Psykologisk førstehjelp. |
6. klasse |
Vaksine mot meslingar, kusma og røde hunder. |
7. klasse |
Undervisning/samtale om rus/tobakk med politi + SLT. Vaksine mot humant pappilomavirus (HPV), gjeld jentene. |
Vaksinering skjer både på skulen og på helstasjonen. Innkalling til
dette vert sendt til heimen.
Artikkelbilde: Unsplash.com